Per Ivar Lied (Sp) er glad for at Frp og Ap fokuserer på ferjeprisane:

– Vi er tre store parti som meiner det same

Også Senterpartiet vil gjere noko med dei høge ferjeprisane.

Positiv: Per Ivar Lied hos Senterpartiet er glad for at Arbeidarpartiet og Framstegspartiet no fokuserer på ferjeprisane.  Foto: Privat

Nyhende

– Vi har prata om gratis ferjer sidan 2005, men eg er glad for å sjå at både Framstegspartiet og Arbeidarpartiet no set fokus på dei høge ferjeprisane. Då er vi tre store parti som meiner det same, om enn med litt nyansar, seier Per Ivar Lied frå Senterpartiet til Nyss.