Kristine Hjellbakk Hole:

Debuterte i seniorklassen i Norgescupen

I helga var Kristine Hjellbakk Hole for fyrste gong med i seniorklassen i Norgescupen. – Det var hardare konkurranse enn eg er vant til, men det var kjekt å få prøve seg, seier ho.

Kristine Hjellbakk Hole var med i seniorklassen i Norgescupen i Førde i helga.   Foto: Svein Halvor Moe

Nyhende

I helga var det Norgescup i Førde og Kristine Hjellbakk Hole var med som einaste kvinne frå Møre og Romsdal skikrets. Der gjekk ho både ti kilometer skøyting og ti kilometer klassisk, og enda på ein 45. og 49.-plass.