Brevkorrespondanse mellom Stranda og Sykkylven om skulestellet på 1930-talet

Lange tradisjonar for samarbeid

Tidlegare skulestyrar i Sykkylven, Kjell Løseth har vore innom Nyss-redaksjonen med ein artig korrespondanse mellom skulane i Sykkylven og Stranda på 1930-talet.
Nyhende

– På den tida hadde begge kommunane mange skulekrinsar med mange utfordingar. Mellom anna «famla» dei om noko som skapte mykje diskusjon: Korleis skulle skuledagen organiserast, fortel Kjell Løseth.

Eit brev frå skulestyreformannen i Sykkylven, som var lærar, til skulestyreformannen i Stranda, som var prest, og hans svar, illustrerer dette.

Korrespondanse: Kjell Løseth har vore innom redaksjonen med eit brev frå 1930-talet.  Foto: Monica Aure Fallingen

Brevet frå Sykkylven:

«Då me stend framføre ei endring av ymse ordningar i skulen vilde eg vera takksam for å få høyra Dykkar meining, og få vita korleis De hev ordna det på Stranda.

Med umsyn til lengda på skuletimane hev me her i Sykkylven ikkje vore så nøygne. Den vanlege praksis hev vore å slutta skulen kl. 3 i småskulen og kl. 4 i storskulen. Timane hev vore frå 60 (første time) og nedover til 55 og50 min. med 1 time middagstid. Då no middagstida skal vera høgst 30 min .får me ei skipling i denne gamle fridomen vår. Etter som eg kjenner til hev dei no i mange bygder liksom i byen 45 min timeslengd. Det kunne vera interessant å høyra kva De på Stranda hev vedteke um dette og kva De personleg meiner um denne timelengda-

Likso vilde det vera interessant å høyra korleis De ordnar reinhaldet ved skulane og kva De betaler, kor mange gongar vask for vika o.s.b.

Vyrdsamt

Skulestyreformannen i Sykkylven».

Svarbrevet frå Stranda:

«Av umsyn m.a. til trongen å ha frikvarter for millomskulen og folkeskulen er det vedteke fylgjande ordning av skuleåret for Ringstad krins på prøve til utgangen av dette halvår.

Skulen byrjar som før kl. 9 kvar morgon, men skuletimane vert berre 45 minutt lange. Friminutta vert på 10 minutt, likevel etter 3. timen 30 minutt.

Burtsett frå representantane frå Ringstad krins var medlemane elles helst imot ei slik avkorting av timelengdi.

Ved kvar skule er tilsett ein pedell med årsløn. Krinstilsynet lyser ut, skulestyret innstiller og heradstyret vedtek. Til umbodet er lagt: Uppfyring, alt reinhald (også ein gong storvask um året) i samhøve med reinhaldsfyresegnene, og turvande snømoking på skulevegen og skuleplassen. Pedellen må halda seg sjølv med vaske- og pussesaker. Søkjarane må gjeva upp lønskrav. Ein bør sjølvsagt setja fast gjensidig uppseiingstid. Lønsfastsetjinga kan etter dette variere ikkje så lite millom dei ymse krinsar. Sume stade kan det vera lenger veg for pedellen osv. Det beste vilde trulig vera um ein stipulerte ei rimeleg løn, rekna etter talet på skuleviker ved skulen, med turvande umsyn til veglengd for pedellen m.v.

Vyrdsamt

Skulestyreformannen i Stranda».

– Som ein ser var fridomen stor til å gjere stort sett som ein ville med skulestellet på 1930-talet. Då var det godt for Stranda og Sykkylven å ha kvarandre å stø seg på!, seier Kjell Løseth.