Delte ut kompetanseplussmidlar til sykkylvsbedrifter:

– Bidrar til å styrke arbeidsplassane

Ei tildeling på 765.000 kroner i kompetanseplussmidlar til Sykkylven opplæringssenter skal sikre auka kompetanse blant over 70 tilsette ved fleire bedrifter i kommunen.

Kompetanseauke: Mohamad Arrat, saumoperatør (t.v.), Mohamad Zaid, saumoperatør, Elin Marie Nordstrand, opplæringsansvarlig Ekornes, Solgun Welle, avdelingsleiar ved Sykkylven opplæringssenter, Mari Straumsheim Leichty, lærar ved opplæringssenteret og Ligitta Guginyta, saumoperatør.  Foto: Privat

Nyhende

– Over 400.000 vaksne i Noreg har svake grunnleggande ferdigheiter i lesing. Endå fleire i rekning og IKT. No deler regjeringa ut 166 millionar kroner for at vaksne i heile landet skal få tilpassa opplæring i grunnleggande ferdigheiter. Eg er glad for å sjå at pengane kjem i arbeid i ei rekkje bedrifter i Sykkylven, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim, som tysdag hadde eit digitalt møte med Sykkylven opplæringssenter, og tilsette og leiarar ved Ekornes.