Sommaropen barnehage

På vent til 2022

Saka om sommaropen barnehage vart handsama i Sykkylven kommunestyre måndag. Med 21 mot 8 røyster vart det vedteke at det ikkje blir open barnehage til sommaren, men skal setjast på vent til 2022.

På vent: Robin Urke Brunstad (Sp) fremja fleirtalsforslaget om at sommaropen barnehage skal setjast på vent til 2022.   Foto: Arkiv

Nyhende

Det var Robin Urke Brunstad (Sp) som fremja fleirtalsforslaget om at sommaropen barnehage skal setjast på vent til 2022. Fram til denne tid skal administrasjonen sjå nærare på organiseringa av sommaropen barnehage og korleis dette kan bli gjennomført på ein annan måte i forhold til 2020 då det var åtte born som nytta seg av tilbodet. I vedtaket står det mellom anna at det må leggast opp til tydeleg informasjon til dei føresette om tilbodet, slik at alle får same informasjon. Denne bør kome frå administrasjonen og kvar einskild barnehage. Like eins at påmelding bør vere bindande, og at næringslivet må bli kontakta for å kartlegge korleis dei tenkjer å gjennomføre si ferieavvikling, dette for vidare samkøyring.