Sletta Facebook-kontoen sin

Etter å ha fått kritikk av Høgres Monica Molvær har Frank Sve (Frp) sletta kontoen sin på Facebook.

Protest: Frank Sve sletta Facebook-kontoen sin i protest mot kritikk han har fått om å blokkere meiningsmotstandarar.   Foto: Staale Wattø / Sunnmørsposten

Nyhende

Sve har i det siste fått mykje kritikk for å blokkere meiningsmotstandarar på Facebook, særleg i høve debatten om ferjeprisar i fylket. No har den profilerte Frp-politikaren sletta kontoen sin på det sosiale mediet i protest, melder Sunnmørsposten.