Jaktar ambassadørar:

Strandassadørar søkast

– Med utgangspunkt i Skinkerådhuset, har vi sett i gang ein kampanje for å rekruttere Strandassadørar, fortel prosjektdirektør Oskar Gjærde ved Grilstad.

Skilt på torgallmenningen: No kan alle på Stranda få med seg bodskapen om Strandassadørprogrammet.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

I desse dagar lanserer Grilstad eit eige ambassadørprogram, eller rettare sagt eit Strandassadørprogram. Kampanjen går enkelt ut på å få både heimebuande og utflytta strandarar til å snakke fram Stranda i alle høve.