Robotlinja ved Sykkylven vidaregåande gjer austlendingane grøne av misunning

Vil at fleire skal søke

Sykkylven vidaregåande skule har ein av dei beste robotikklinjene i landet og eit godt samarbeid med industrien i bygda. Mangel på kvalifisert arbeidskraft gjer at industrien ønsker at enno fleire skal søke seg inn på studiet.

Vil ha fleire: Både næringslivet i Sykkylven og Sykkylven vidaregåande skule vil gjerne at fleire skal søke seg inn på robotlinja ved skulen. Frå venstre: Avdelingsleiar Dagfinn Fredly, rektor Barbro Midtgård, Lars Skog, Sykkylven Stål og Sykkylven industri og næringslag, Per Kjetil Våtmyr, Sykkylven industri og næringslag, Bergljot Hjortdal, HR koordinator Ekornes, Jan Kato Klokk, produksjonssjef stål Ekornes, Stig Gunnar Støylen, lærar robotikk, Tommy Årnes, lærar automasjon og robotikk og Ole Andreas Oterhals, automatikkmekaniker Ekornes.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

– Det går veldig bra med industrien i Sykkylven for tida, men vi treng fleire folk. Derfor er vi opptekne av rekruttering til industrien, og at der er nok elevar som søker seg inn til linjene både for teknikk og industriell produksjon og til robotlinja, seier Per-Kjetil Våtmyr frå Sykkylven nærings- og industrilag.