Samarbeidsavtale mellom Sykkylven kommune og Musea på Sunnmøre

Sykkylven kommune og Musea på Sunnmøre er samde om ein fireårig samarbeidsavtale etter eit samrøystes ja i Sykkylven kommunestyre.

Avtale: Naturmuseet vert no ein fullverdig medlem av Musea på Sunnmøre.  Foto: Åge Eikrem/arkiv

Nyhende

– Som ei følgje av avtalen vert no Naturmuseet ein fullverdig medlem av Musea på Sunnmøre, seier ordførar i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug i ei pressemelding. Kulturleiar Halstein Kurseth legg til at sikring av kulturarven, profesjonell drift og kompetansearbeidsplassar var avgjerande.