Sykkylven kommune

Underskot på 4,2 millionar kroner

Den ureviderte rekneskapen for 2020, som økonomisjef Arild Bergstrøm orienterte Sykkylven kommunestyre om, viste eit underskot på 4,2 millionar kroner.

Rekneskap: Økonomisjef Arild Bergstrøm orienterte Sykkylven kommunestyre om rekneskapen for 2020.   Foto: Frank Kjøde

Nyhende

I utgangspunktet var det opphavleg budsjettert med eit underskot på 13,1 millionar kroner, men nedjustert til eit underskot på 11,8 millionar kroner som skulle finansierast ved bruk av disposisjonsfondet, som er oppsparte midlar frå tidlegare år. Den ureviderte rekneskapen viste eit underskot på 4,2 millionar kroner. For 2019 viste rekneskapen eit underskot 1,8 millionar kroner.