Positiv koronatest

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Sykkylven kommune melder at ein utanlandsk statsborgar har testa positivt på covid-19. Den tilreisande kom til Vigra 19. februar. Det blir informert om at han er i god form. Han jobbar ved ei lokal bedrift og bedrifta er informert.

Den tilreisande gjekk rett i karantene då han kom til Vigra. Nærkontakt som henta han i bil er også i karantene. Testing er avtalt.