Vinterfriluftsliv på isen

Valfaggruppa natur, miljø og friluftsliv i 8. klasse ved Sykkylven ungdomsskule har nytta dei fine og kalde vinterdagane vi har hatt ute på isfiske.

Lars Erik Hole med ein flott torsk.  Foto: Privat

Nyhende

– Her på våre kantar er det ikkje uvanleg at isen frys på fjorden, men det har sjeldan vore finare forhold å ferdast på islagt fjord slik vi hadde det med sterk kulde og gnistrande fine vinterdagar tidlegare denne månaden, seier Gudmund Rotevatn, som er lærar for dei som har friluftsliv som valfag.