Mykje aure i Fetvassdraget:

– Skulle gjerne hatt meir laks

Dei har eige klekkeri for laks i Fetvassdraget, men Odd Jostein Drotninghaug skulle helst ha sett at meir av det dei set ut kjem tilbake.

El-fiske: Rådgjevande biologar kjem kvart år til Fetvassdraget for å telje yngel. Her brukar dei el-fisking, der dei sender straum ned i vatnet for å bedøve fisken. Kor mykje fisk som teljast avgjer om elva kan vere open for fiske eller ikkje.  Foto: Privat

Nyhende

– Vi har eit eige klekkeri, slik dei har på Stranda, og set ut vel 90.000 yngel i året, men det er for få fisk som kjem tilbake. Stamma er ganske sårbar, og det kunne godt ha vore meir fisk, seier Odd Jostein Drotninghaug til Nyss.