Matgilde ved Sunnylven omsorgssenter

Fekk kjenne smaken av fersk skrei

Like eins som året skiftar sesong og årstid, endrar maten som er fersk seg. Fersk mat frå havet stod på menyen på Sunnylven omsorgssenter torsdag denne veka.

Middagstallerken: Middagen bestod av skrei, lever, rogn, gulrot og poteter.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Ute i Norskehavet går skreisesongen føre seg, og fersk skrei er sesongens matvare. Kjøkensjef på hovudkjøkenet i Stranda kommune, Hilde Rosenvinge, tok med seg fersk skrei til Hellesylt og kjøkenet på Sunnylven omsorgssenter. Her vart den dagsferske skreien dampa og servert saman med både torskerogn og torskelever. Fargane kom med gulrot og persille. I løpet av to-tre timar vart middag til tjue laga frå grunnen av, og dufta av fersk middag breidde seg utover til bebuarane.