68 fulle vogntog med pizza:

Salsrekord hos Orkla Foods Stranda

I veke seks sette Orkla Foods ein historisk salsrekord då dei lanserte sin nye frosenpizza.

Ny "grandis" på gang: Logistikksjef Einar Arve Nordang (t.v.) og fabrikksjef Hans Jostein Langlo har tru på at den nye Fredagspizzaen vil slå an.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Orkla Foods på Stranda, som produserer både Grandiosa og Big One, sette i veke seks ny salsrekord. Det vart denne veka køyrd ut 68 fulle vogntog med pizza frå fabrikken, noko som tilsvara nesten 1,4 millionar pizza. Årsaka bak dei høge salstala er at Orkla Foods lanserte sin nye frosenpizza.