Steely Dan utsett til hausten

Roger Waters-klubben har bestemt seg for å utsette festkvelden med Steely Dan-musikk som skulle gå av stabelen på Sykkylven kulturhus 6. mars. Ny dato er 18. september.

Konserten med Steely Dan-musikk som skulle gå av stabelen på Sykkylven kulturhus den 6. mars, er utsett til 18. september. Årsaka er coronasituasjonen. Bandet heiter Home At Last, og er her representert ved f.v. Sveinung Utgård, Thore Senneset og Sondre Utgård. Dei fire neste på scenekanten er frå Roger Waters-klubben i Sykkylven, som vil bidra til at publikum får ei stor oppleving. F.v.: Bjørn Utgård, Geir Hofset og Per Arne Løseth Aasen.   Foto: Nils Einar Rye

Nyhende

Bakgrunnen for utsettinga er pandemien. Det opplyser Hallstein Lillevik i RW-klubben.