Bjørg Sørensen fortel om bestefar sin:

Teken av fonna og berga av tollekniven

Historia eg vil fortelje handlar om Hans Rikard Olsen Brunstad (1859–1937), som var bestefaren min.

Bilete frå der snøraset gjekk.  Foto: Privat

Nyhende

Bjørg Sørensen  Foto: Christine Fohlin Verneland

I gamle dagar sa vi goffar om bestefar.

Då han var 24 år, var han trulova med Beate Gurine Zakariasdotter Ringstad (1861–1918) frå̊ Nygarden på Ringstad på Stranda, mi gommer. I dag blir gommer kalla bestemor.

Ein vinterdag i mars 1883 fekk goffar hug til å sjå om kjærasten sin og vise seg fram for foreldra hennar, slik skikken var. Vinteren 1883 var ein stor snøvinter, men etter siste snøfallet hadde snøen sokke i hop og vêret var fint. Han bestemte seg difor for å gav̊ på ski over til Stranda.

For å kome fram i sømeleg tid starta han grytidleg om morgonen. Han tok vegen om langhammaren ovanfor Rabben på Brunstad, så innover Myrane mot Holebotnen. Vidare ned heiane langs Svartevatnet, gjekk så forbi Kleiva og over på strandasida.

Skiføret var bra då han starta frå̊ Brunstad. Men då han kom over på strandasida innover Hevsdalen, vart snøen tyngre og skiene byrja å klabbe. Han rende tungt nedover den bratte bakken som er om lag der Vegvesenet bygde ei brakke i 1930-åra.

Då goffar kom nedover der det vart litt flatare kom det brått ein dur og eit fole brak frå̊ høgre sida av dalen. Ei stor fonn kom deisande nedover fjellsida, og goffar vart teken. Han kom under snømassane og var heilt nedgraven. – Heldigvis, sa han, – såg eg lysning av dagsljoset over hovudet mitt.

Etter mykje kav og lirking greidde han å få tak i tollekniven han hadde i slira bak på hofta. Med kniven grov han så hol i lysninga slik at han fekk puste. Takka tollekniven klarte han så å grave seg ut av snømassane Iitt etter litt.

Eine skia hadde han mist, men med tollekniven laga han truger av den andre. Slik gjekk han vidare nedover til Ringstad. Eg vil tru at han fekk god pleie med sin trulova då han fortalde kva som hadde skjedd.

Skia fann han igjen då våren kom og han igjen skulle på strandatur. Eg minnast at kvar gong goffar fortalde denne historia, så gret han.