Endå ein pris til Brennevinsgrova

Navy Strength frå Brennevinsgrova vart Noreg sin gullvinnar i World Gin Awards 2021.

Gull: Dagleg leiar i Brennevinsgrova, Harald Strømmegjerde, er nøgd med at Navy Strenght vart gullvinnar.  Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

– World Gin Award i London er den største spritkonkurransen i Europa, og blant dei fire-fem største i verda. Så det er klart at eg er veldig nøgd med å ha Noreg sin beste navy strength i denne konkurransen. Ekstra kjekt å slå Bareksten, som er den mest kjende og premierte ginen i landet, seier dagleg leiar i Brennevinsgrova i Straumgjerde, Harald Strømmegjerde.