Ekornes-konsernet i koronaåret:

Laga møblar for fleire milliardar kroner

Ekornes-konsernet selde møblar og madrasser for 3,5 milliardar kroner i fjor. Det trudde ikkje konsernsjef Roger Lunde var mogleg då han i fjor vår måtte stenge ned fabrikkane, og sjølv sat på heimekontor i Oslo.

Samarbeid:  Allmøte i produksjonsavdeling hos Ekornes. I midten konsernsjef Roger Lunde. (Arkivbilde)    Foto: EKORNES

Nyhende

(Smp): – Det gode resultatet skuldast ein fantastisk innsats og pågangsvilje frå dei tilsette i heile konsernet vårt. Vi hadde fleire som hugsa finanskrisa, og som visste at etter ei krise kjem det oppgang. Så vi stod parat med gode lager då folk bestemte seg for å oppgradere heimane, seier Roger Lunde.