Livleg på Strandafjellet og Fjellsætra

Nyt vinterferien på fjellet

Denne veka er det mange som har vinterferie, og små og store har hatt kjekke dagar i skibakkane både på Strandafjellet og Fjellsætra. – Veret har ikkje spelt på lag med oss, men no ser det ut til at det skal kome litt snø, uttalte Stian Græsdal ved Strandafjellet torsdag.

Moro: Frå venstre: Lovise U. Heggdal, Emmeli Haram Blakstd, Ida Marie Klokkehaug, Eline Helle Nerland, Mia Settemsdal og Amanda Tandstad hadde kjekke dagar på jiibbecamp.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Fjellet fristar mange når det er vinterferie, men regn og varmegrader har skapt utfordringar. Det ser likevel ut til at små og store har hatt fine dagar i skibakkane.