Sykkylven hundeklubb inviterer til konkurranse:

– Plukk opp hundeskiten

Etter eit utal med innlegg på sosiale medium om avføring etter hund langs vegar og stiar, inviterer no Sykkylven hundeklubb til konkurranse i hundeskitplukking.

Opprydding: Silje Hausvik i Sykkylven hundeklubb har tatt initiativ til ein konkurranse i hundeskitplukking.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Like sikkert som at snøen smeltar når det blir mildare i vêret, er det at hundeskiten som har blitt gøymt under snøen dukkar opp. Silje Hausvik i Sykkylven hundeklubb har, som mange andre, registrert alle innlegga på sosiale medium om små og store skithaugar rundt om i bygda, og har tatt initiativ til å køyre i gang ein konkurranse.