Har sjeldan augesjukdom:

Torger (28) kan bli redda frå å bli blind. Men Norge vil ikkje betale for operasjonen

Får Torger Inge Sætre (28) behandling i tide, blir han ikkje blind. Beslutningsforumet for nye metoder meiner prisen er for høg, og derfor har Sætre tatt saka i eigne hender.

Blind: Torger Inge Sætre er heilt blind på det venstre auget. Per definisjon er han rekna som blind. Ein operasjon kan redde synet på høgre auge, men den kostar pengar. Meir enn Beslutningsforumet for nye metoder vil betale.   Foto: Nils Harald Ånstad /( Sunnmørsposten

Nyhende

(Smp): – Usikkerheita er jævlig. Vi har vore forsøkskaninar i så mange år. Når løysinga endeleg er der, får vi ikkje vere med, berre fordi Beslutningsforumet meiner prisen er for høg. Eg fattar det ikkje, seier Torger Sætre frå Sykkylven.