Aktiv lærar

Øystein Runde (35) er ungdomsskulelærar i Brusdalen, med ei stor interesse for idrett, jakt og friluftsliv.

Natur: – Å vekse opp på Hellesylt var fantastisk, og har forma meg til den eg er i dag, seier Øystein, som har vore eit friluftsmenneske heilt sidan barndommen. Her på tur saman med sonen Sverre. (Alle foto: privat)  Foto: Privat

Familie: Familien trivst på Skodje, men gler seg til å flytte inn i det nye huset på Valle. Bak frå venstre: Øystein og Silje. Framme frå venstre: Filip, Sverre, Carine og Elias.  Foto: Privat

Bygger hus: Det blir flott utsikt frå deira nye heim på Håhjem. 

Hjortejakt: I Oaldsbygda eig familien to nedlagde gardsbruk, og i dette området driv Øystein med hjortejakt. Her kan ein skimte huset på Midtgard i bakgrunnen, med delar av Åkerneset på andre sida av fjorden og Liabygda i enden.   Foto: Privat

Nyhende

Han er takknemleg for oppveksten på Hellesylt, med sine mange fritidstilbod og flotte natur. For tida bur han med familien sin på Skodje, medan dei bygger draumehuset på Valle. Der får dei flott utsikt over fjord og fjell.