Vanskelege treningsforhold, opning på Ikornes og tida då ein måtte ut av huset for å leie film

Glimt frå Sunnmøringen og Sykkylvsbladet sine arkiv, og andre gamle bilde frå vårt område.

Sunnmøringen 14. februar 1996: Gjennom mange år har treningstilhøva på den kommunale grusbana ved Strandahallen vore vanskelege. Såleis var det stor glede då brukarane fekk melding om at Stranda kommune vil starte opprustingsarbeidet til sommaren. Men trenarane for Stranda sitt fotballag, Karl Magnus og Sindre Hjelle trur ikkje problema vil løyse seg. 

Nyhende

SYKKYLVSBLADET 4. JUNI 1986: Det var ei storstilt opning av Ikornnes IL sitt nye klubbhus, skytebane og tennisbane. Det var ordførar Svein Helgheim (t.v.) som stod føre snorklippinga. På biletet er han saman styreleiar i laget, Konrad Gjerde. Dei to spelte ein oppvisningskamp med spesialrekkertar. Rådmann Hermann Haugen dømde kampen til uavgjort.

  Foto: Arkiv: SUnnmøringen

Strandadalen: Dette er ungdomslaget og det gamle ungdomshuset i Strandadalen. Biletet er truleg teke kring 1910. Fremste rekkje frå venstre: Knut Rusten, Ole Andreas Habostad (Rødset), Knut Myklebust, Jens Røyr. Peder Helstad, Jørgen Slettvoll, Rasmus Gjerde, Karen SUsanna Rødset?, Anna Sve Åse, dei to neste ukjende, Gurine Myklebust Røyr, Anna Fjørstad Rogne, Karen Olave Rødset Langlo, Jensine Fjørstad Rogne, Karen Marie Helstad Gjerde, Helga Øye Habostad, Ellen Slettvoll. 2. rekkje: Ole Fjørstad?, neste ukjend, Karl Fjørstad, Lisa Fjørstad Slettvoll. Dei neste er det vanskeleg å dra kjensel på. Ved flaggstanga står truleg Sivert Rusten (med hatt), den neste O. S. Overvoll? Mannen heilt til høgre kan vere Petter Rødset. Midt på biletet til venstre i bunad: Karen Helstad. Arkivtekst/foto: Sunnmøringen

  Foto: Sunnmøringen

Video Home System: Frå tida då ein måtte gå ut og leige filmar på gamlemåten. A fun video på Stranda, leigde ut filmar på VHS og moviebox slik at folk kunne sitte heime og sjå film. Årstal ukjent

Gamle bilder 

INDUSTRIEN I SYKKYLVEN: Heinrich Wilhelm Schmidt kom til Noreg frå Schleswig-Holstein i 1904. Han byrja straks med sementsteinproduksjon i Jaktevika på Blindheim i Sykkylven. Der vart det produsert både murstein og takstein. Han hadde ein arbeidsstokk på 20-25 mann. I åra framover bygde han fleire kai-anlegg langs kysten, og dessutan sette han opp mange såkalla Schmidt-hus i Sykkylven og andre stader. Særleg hadde han store leveransar til Ålesund, som skulle byggjast opp att etter brannen i 1904. Den store dampbåten er tysk, og er komen med ein sementlast. Både på dekk og på kaia er det opprada eit stort tal sement-tønner. Våningshuset på biletet sette Schmidt opp i 1912.
KJELDE: SYKKYLVEN -BYGDA OG FOLKET I FARNE TIDER 1. FORFATTAR JON HOLE.