Burning på Fløten

- Eg vert lei meg når eg ser slikt, seier Iris Maria Årdal Øverland

ikkje greit: Burning på Fløten Park  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Det vart måndag morgon oppservert stygge hjulspor midt inne på Fløten Park. Det er tydleg at nokon har køyrd i ring på grøntarealet.

Ikkje greit: Nokon har køyrt bil inne på Fløten Park  Foto: Randi Ansok

– Dette gjer meg berre trist. Vi i Sentrumsforeining har saman med Stranda kommune lagt ned mange timar med arbeid for å halde parken fin. Dette er ein stad der born skal leike og ikkje ein stad for tankelause bilførarar. Heldigvis har vi hatt lite hærverk og håpar at denne episoden vert den siste, seier leiar i Stranda Sentrumsforeining, Iris Maria Årdal Øverland.

Iris Marie Årdal Øverland, leiar i Stranda Sentrumsforeining.  Foto: Privat