Krav om nullutslepp blei ikkje utsett

Null cruiseanløp i Geiranger i 2026

Torsdag 25. februar blei det vedteke i Stortinget at kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane blir gjeldande frå 2026. Dette vil få konsekvensar mellom anna i Geiranger.

Forsvinn?: Cruiseskipet Sapphire Princess, eigd av Princess Cruises, på veg ut Geirangerfjorden i 2018. Om krava om nullutslepp i verdsarvfjordane blir innført frå 2026 kan det bety at det ikkje vil kome fleire cruiseskip til turistbygda.  Foto: Halvard Alvik/ NTB

Nyhende

– Slik det står no, betyr det null skip til Geiranger frå 2026, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda hamnevesen KF til Nyss.