2,8 millionar kroner samla inn til operasjon for Torger:

– Kan nesten ikkje tru det er sant

På berre ei veke har det kome inn nesten 3 millionar kroner slik at Torger Inge Sætre skal kunne få behalde synet.

Blind: Torger Inge Sætre er heilt blind på det venstre auget. Per definisjon er han rekna som blind. Ein operasjon kan redde synet på høgre auge, men den kostar pengar. Meir enn Beslutningsforumet for nye metoder vil betale.   Foto: Nils Harald Ånstad / Sunnmørsposten

Nyhende

Historia om Torger Inge Sætre (28) frå Ikornnes i Sykkylven har skapt engasjement over heile landet. Først sto han fram i Sunnmørsposten, som òg vart gjengiven her i Nyss, der han fortalde om behandlinga som er til stades, men som Norge ikkje ønsker å betale då den er for dyr. Også tvillingbroren Joar lid av den same sjukdommen, men det er hos Torger det hastar mest med å få behandling.