Har laga ein plan

Deler opp konfirmasjonane

Det har vore usikkert om det ville bli utført konfirmasjonar i Sykkylven i mai. No er det lagt ein plan for gjennomføringa.

Konfirmasjonane vert delt opp i Sykkylven i år.-  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

– Etter tilbakemeldingar frå familiane og samarbeid med begge sokneråda og staben, blei det bestemt å dele konfirmasjonane. Det vil seie at dei som ønskjer å konfirmere seg i mai får behalde datoen dei allerede har, og for dei som ønskjer å byte til hausten så har vi sett opp to helger i september. Dermed vert der konfirmasjon i Sykkylven kyrkje 1., 2. og 8. mai, samt 4., 11., og 12. september. I Ikornnes kyrkje vert det konfirmasjonar 1. og 9. mai, samt 5. og 11. september, fortel ungdomsarbeidar Katrine Numme.