Tal frå NAV:

Det vert mindre arbeidsløyse

Det vert stadig færre arbeidsledige i vårt område, fortel leiar for NAV Sykkylven og Stranda, Karoline Lied. Stranda har arbeidsløyse på 3,0 medan den i Sykkylven er på 1,4.

Leiar for Nav Sykkylen og Stranda, Karoline Lied, er nøgd med den låge arbeidsløysa.   Foto: Monica Aure Fallingen/Arkiv

Nyhende

NAV presenterte nyleg den månadlege ledigheitsstatistikken. Tala for februar viser at det vert færre arbeidsledige i Sykkylven og Stranda, etter ein svært tøff periode, der koronapandemien sørgja for skyhøg arbeidsløyse i området vårt. Ein situasjon med uro for høg arbeidsløyse er snudd til at mangel på arbeidskraft kan bli ei utfordring.