Skileik på Strandafjellet:

Unge vikingar angrip

- Dette arrangementet skal skape glede og inspirasjon til dei yngste, seier Jørund Hagen, leiar i Stranda Alpin.
Nyhende

Laurdag i vinterferieveka vart skirennet Young attacking Viking nok ein gong arrangert på Strandafjellet. Det er alpingruppene Stranda og Spjelkavik som står bak arrangementet og her kan alle delta. Her var deltakarar frå eitt år og opp til vaksen alder. Parallellslalåm var ein populær øving, men også skicross og minialperittet var populært då mange deltok også her.