Planlegg minilandsby med hotell og hytter

Eit mindre hotell, restaurant og uteservering, hytter, leiligheiter og ein liten matbutikk. Alt dette planlegg Maximgruppen AS å bygge i Liabygda i Stranda kommune.

Liabygda:  Liahagen hotell og hytter er tenkt plassert i Liabygda, midt i mellom skianlegg, og med kort veg til Trollstigen, Ålesund og Geiranger.. Her ser vi nokre av hyttene.  Foto: ARKITEKTFIRMAET AREAL + / MAXIMGRUPPEN AS

Nyhende

(Smp): Arkitektfirmaet Areal + på Lillehammer ber no Stranda kommune om eit oppstartsmøte for å planlegge ein detaljreguleringsplan for Liahagen hotell og hytter.