Høie sa nei, Listhaug tar Torger-saka til Stortinget

Det skjer etter at helseministeren ikkje vil gripe inn og gje behandling til Torger Sætre frå Sykkylven. 

Augesjukdom: Torger Inge Sætre frå Sykkylven har den sjeldne augesjukdommen Retinitis Pigmentosa (RP). Torger Inge og broren har ein mutasjon av denne sjukdommen, kalla RPE65. Berre åtte i Norge har denne varianten.  Foto: Nils Harald Ånstad / Sunnmørsposten

Nyhende

(Smp): Sunnmørsposten har skrive om Torger som kan bli redda frå å bli blind. Men Norge vil ikkje betale for operasjonen. Det er dokumentert effekt av behandlinga men usikkerheit knytt til langtidseffekten, uttaler Beslutningsforum for nye metodar i Helse-Norge.