Olav Harald Ulstein (Frp) har ombestemt seg om Krikane barnehage:

– Som å vere med i «Luksusfellen»

Olav Harald Ulstein frå Sykkylven Frp meiner det ikkje er økonomisk ansvarleg at kommunen kjøper Krikane barnehage og samstundes vel å ikkje omstrukturere barnehagedrifta i kommunen. No meiner han at kommunen ikkje bør kjøpe barnehagen.

Forandra meining: Olav Harald Ulstein frå Sykkylven Frp var først positiv til at kommunen skulle kjøpe Krikane barnehage. Men grunna kommunestyret sitt vedtak om å behalde Tandstad barnehage, meiner han at det no ikkje er forsvarleg å kjøpe barnehagen.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

– Ein må stikke fingeren ned i jorda og sjå på realitetane. Ingen ville ha brukt av sine eigne pengar på denne måten, seier Olav Harald Ulstein til Nyss.