Med verda for sine føter

Det går veldig godt for Ekornes for tida. For litt sidan forlenga selskapet kontrakten sin med frakteselskapet Schenker om å sende Stresslessar ut i verda, men problemet er at det er få kontainarar tilgjengeleg.

Hektisk: Jan Egil Aure og Jan Robert Lyngvær fortel om mykje å gjere hos Ekornes for tida.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Då koronaviruset kom til Norge, og landet stengde ned for vel eit år sidan, var det få som skulle tru at Ekornes skulle gjere det så godt som dei har gjort det sidan i sommar. Frå tilnærma ordrestopp i fjor vår, kjem det no inn nesten fleire ordrar enn dei klarar å ta unna, og møbelprodusenten på Ikornnes har måtta auke produksjonskapasiteten.