Møre Trafo veks framleis, trass pandemi:

– Framtida ser lys ut

Møre Trafo har vekse om lag 60 prosent dei siste seks åra, og trenden ser ikkje ut til å snu.

Gode tider: Administrerande direktør Leif Leira hos Møre Trafo fortel at det går veldig godt hos dei for tida.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

– Det er klart at det er det grøne skiftet som har gjort at vi veks. Med den stadig aukande elektrifiseringa av samfunnet ser vi behov for trafo- og nettstasjonar der det ikkje har vore før, seier administrerande direktør Leif Leira hos Møre Trafo til Nyss.