Fått støtte frå Innovasjon Norge til pilotprosjekt:

Stranda Hotel og Raus i samarbeid

Stranda Hotel og Restaurant Raus i Sykkylven med pilotprosjekt om å kunne dele på personell.

Hotel og restaurant i felles omstillingsprosjekt: Ina Eldøy, Stranda Hotel AS og Andreas Hjellegjerde, Restaurant Raus er positiv til samarbeid.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Stranda Hotel og Restaurant Raus i Sykkylven har gått saman om eit pilotprosjekt der dei vil sjå på mogelegheita til å dele på personell i framtida. Til dette prosjektet har dei fått omstillingsmiddel frå Innovasjon Norge. Raus og Stranda Hotel vil saman opprette ein kompetansepool der fleire bedrifter frå same bransje, kan gå saman ved tilsetting av personell.