Strammar inn

Vedtok strengare koronareglar

Kriseleiinga i Sykkylven kommune har i dag vedtatt ei ny koronaforskrift som fører til at det vert strengare reglar å forhalde seg til.

Korona: Pandemien har ført til at det er innført strengare reglar.  Foto: Illustrasjon

Nyhende

Sykkylven kommune si kriseleiing har i dag, i samråd med kommuneoverlegen, vedteke tilsvarande lik forskrift som omkringliggande kommunar på Sunnmøre. Kriseleiinga har teke utgangspunkt i at også Sykkylven er ein del av den tette bu- og arbeidsmarknaden i Ålesundregionen.

– Sykkylven kommune har ikkje smitte per i dag, men har, og har hatt, fleire personar i karantene med bakgrunn i dei ulike utbrudda som har vore i vår region den siste tida. Forskrifta er eit tiltak som skal førebyggje utvikling av smitte, uttalar kommunen. Det vert også peika på at vi no står framfor påskeferien, og har attraktive hytte- og fjellområde som mange frå Ålesundsområdet og andre stader nyttar seg av.

-Det er difor viktig å ha tilsvarande tiltaksnivå for å motverke koronaviruset.

Tiltak blir sett i verk frå klokka 24.00 22. mars og gjeld fram til 11. april kl. 24.00, kan ein lese.

Stenging

I den førebelse forskrifta om tiltak for å førebygge koronasmitte i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal kan ein lese at formålet er å hindre eller avgrense spreiing av SARS CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal og spreiing av mutant virusvariant i nærliggande kommunar. Dette er kommunar som Sykkylven har stor gjensidig kontakt med medrekna arbeidspendling, utdanning, handel og hytte/friluftsliv. Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Sykkylven kommune. Reguleringa kjem i tillegg til dei reguleringar som følgje av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte.

Følgjande verksemder og stader skal halde stengd:

  1. Treningssenter, likevel slik at følgande tilbod kan halde opent:
    1. Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
    2. Individuell trening og behandling som det kan bestillast time til.
  2. Symjehallar, likevel slik at følgande tilbod kan halde opent:
    1. Skolesymjing, organiserte symjekurs og organisert symjetrening for personar under 20 år og symjing for profesjonelle utøvarar.
    2. rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
    3. Annan individuell behandling som det kan bestillast time til og der bad er ein del av behandlinga.
  3. Fornøyelsesparkar, spelehallar, leikeland og tilsvarande stader.
  4. Museum.
  5. Kino, konsertstader og tilsvarande kultur- og underhaldningsstader.
  6. Andre offentlege stader og verksemder der det skjer kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs.

Offentlege stader og verksemder der det skjer organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar kan halde ope for barn og unge under 20 år, utandørs aktivitet for vaksne og organisert trening innandørs og utandørs for toppidrettsutøvarar.

Avlysing og heimekontor

Det er ikkje tillate å gjennomføre arrangement, jf. § 13, Definisjon av arrangement i covid-19 forskrifta, med unntak av livssynssamlingar og seremoniar i trus- og livssynshus, inkludert seremoniar ved bryllaup, gravferder, bisettingar, dåp og konfirmasjon. På anna arrangement enn gravferd eller bisetting kan det ikkje vere meir enn 20 personar til stade når alle i publikum har faste, tilviste sitteplassar. I gravferder og bisetting er talet på dei som kan vere til stade, max 100 personar. Digitale arrangement med maksimalt fem personar til stade, i tillegg til utøvarar og anna nødvendig produksjonspersonell, er tillate.

Det er innført heimekontor. Arbeidsgivarar skal sørge for at tilsette arbeider heimanfrå så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgivarar skal kunne dokumentere at det er gitt beskjed til dei tilsette om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.

Serveringsstader som har skjenkebevilling etter alkoholloven kapittel 4 og 5 skal ikkje utøve skjenkebevillinga.

Opplæring, idrett og munnbind

Lokale som blir brukt ved opplæring eller undervisning til personar over 20 år i grunnskule, til vaksne i vidaregåande skole og til vaksne i opplæring etter introduksjonsloven eller integreringsloven skal haldast stengt, slik at undervisninga skjer digitalt.

Det er ikkje tillate å organisere idrettsaktivitet innandørs for personar over 20 år. Det same gjeld fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøver for kor, korps og teater. Organisert trening for profesjonelle toppidrettsutøvarar innandørs er likevel tillate.

Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmar, skal det brukast munnbind i butikkar, på serveringsstader, i helse- og omsorgsinstitusjonar inkl. venterom, i trus- og livssynshus, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde, og i lokale for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar. Passasjerar skal bruke munnbind i taxi. Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikt til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien. Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande. Dette gjeld ikkje tilsette på stader der det er sett i verk andre tiltak mot smitte for dei tilsette som bruk av visir, skiljeveggar o.l. i samsvar med Folkehelseinstituttets tilrådingar. Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

Sykkylven kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak. Forsettleg eller grovt aktlaus overtreding av reglane i denne forskrifta, straffast i samsvar med smittevernloven § 8–1.


Nasjonale råd og presisering

Dei nasjonale råda seier at dersom ein reiser til ein annan kommune, eller til hytta, skal ein ha minst mogleg kontakt med andre og handle gjerne før du reiser. Kjem ein frå ein stad med strengare smittevernreglar enn dit ein kjem skal ein handheve dei strengaste. Ein bør unngå fleire enn ti sosiale kontaktar per veke, ut over nødvendige kontaktar i jobbsamanheng, husstandsmedlemmar, og barnehage- og skulekohortar. Ein bør ikkje ha besøk av meir enn fem personar i eigen heim. Kan ein samlast ute så er det best. Overnattingsbesøk blir frårådd for personar som kjem frå område med høgt smittenivå. Reiser til utland er frårådd.

Det er gjort nokre kommunale presiseringar: Sykkylven kommune vil:

– forsterke råda om å ikkje gjere unødige reiser

– minne om at nasjonale råd seier maksimum kontakt med 10 personar i løpet av heile påskeveka – ikkje pr. gong eller pr. kveld.

–Dersom familiar planlegg å ta imot besøk frå område med høgt smittetrykk i påska, rår kommunen til at denne reisa blir avlyst. Unntaket gjeld studentar som ikkje har familie på studiestaden. Her vil kommunen sterkt tilrå testing før avreise og ny test i heimkommunen, skriv kommunen, som også presiserer at det er anbefalt å ikkje ha overnattingsbesøk i påska, med dei unntaka som står i dei nasjonale råda.