Koronasituasjonen

Fleire er sett i ventekarantene

Mange barnehageborn og elevar i Sykkylven er sett i ventekarantene.

Ventekarantene: Fleire er sett i ventekarantene i Sykkylven. Bakgrunnen er eit smittetilfelle i ein annan kommune.   Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Nokon i ein av nabokommunane til Sykkylven testa positivt på korona, og fire personar i Sykkylven har vore i nærkontakt med den smitta og er difor sett i karantene. Heile husstanden til nærkontaktane er sett i ventekarantene.

– Når det gjeld barn er det vanskeleg å vite kor mykje kontakt dei har med andre. Dei har til dømes kontakt med kvarandre innanfor kohortane sine i skule og barnehage. Difor kan det vere naudsynt å vurdere å sette fleire i ventekarantene, spesielt på grunn av at det muterte viruset smittar lettare, seier kommuneoverlege Ove Økland, som stadfestar at tre klassetrinn ved Ullavik skule og born ved Tryggheim barnehage er sett i ventekarantene. Kriseleiinga i kommunen følgjer situasjonen.