Stranda kommune:

Ingen forsterka tiltak

Kriseleinga i Stranda kjem ikkje med forsterka tiltak til påske, slik situasjonen er no.
Nyhende

- Per fredag 26. mars har vi ingen påvist smitta i kommunen. Kriseleinga i Stranda kjem difor ikkje med forsterka tiltak slik situasjonen er no. Minner om smittevernreglane, og viser til dei nasjonale reglane, skriv Stranda kommune på sine heimesider.


Innstrammingar i Sykkylven, medan Stranda vurderer situasjonen:

– Best å bli heime i påska

Etter utbrotet av mutert virus i Ålesund har Sykkylven kommune stramma inn, på lik linje med Ålesund, Sula og Giske. Liknande tiltak vurderast også i Stranda.


Onsdag skreiv Nyss at Ålesund, Sula og Giske nye smitteverntiltak grunna utbrot av mutert koronavirus i Ålesund. Frå midnatt måndag blei også liknande tiltak gjeldande i Sykkylven. Museum, kinoar, symjehallar og andre verksemder har blitt stengde, det har blitt innført påbod om heimekontor for der det er praktisk mogleg. Det er også blitt innført plikt til å bruke munnbind i dei høva det ikkje er mogleg å halde éin meters avstand til andre. Dette gjeld òg om ein nyttar kollektivtransport.