Presten på innsida

Påska. Den stille veka vert den kalla, høgtida vi er på veg inn i. Og ekstra stille er dei heilage dagane for menneska som lever i Ålesund fengsel. Det seier Erlend Lunde, presten som gjer teneste både innanfor og utanfor murane. Han fortel om ei verd som er skjult for dei fleste. Om lengt, håp og smerte. Om menneske.

Den gode samtalen: Mykje av tida i fengselet går med til individuelle samtalar med innsette som ønskjer det. – Denne oppgåva tek eg svært alvorleg. Alle menneske fortener – og treng – å bli sett, seier fengselspresten Erlend Lunde.   Foto: Nils Einar Rye

Nyhende

Eksistensen er smertefull. Ingen slepper unna. Denne djupe innsikta er erfart og formidla av kunstnarar, religionar, filosofar og heilt vanlege menneske så lenge arten vår har hatt evna til å uttrykke seg. Ofte er smerta knytt til einsemd og isolasjon, særleg når isolasjonen er påført oss av krefter utanfor oss sjølve. Noko vi ikkje kan kontrollere, verne oss mot, velje bort. Noko som begrensar oss, gjer livsrommet vårt mindre, og vala færre. Som ein pandemi. Eller eit fengselsopphald. Som vanleg borgar veit Erlend Lunde mykje om det første. Og som fengselsprest veit han mykje om det andre. Han festar blikket på menneske få andre ser.