Før i tida

Gamle bilete frå Stranda og Sykkylven.

Kjent landemerke: Solheimhuset på Stranda kring 1910.  Foto: Ukjent

Nyhende

Solheimhuset på Stranda

SUNNMØRINGEN, 11. JUNI 1983: Huset Solheim, eller Solheimhuset på folkemunne, er eit kjend landemerke på Stranda og ligg like ved Rema 1000. i Storgata. Huset blei bygd i 1903 av Jens Bastian Langlo. Han hadde blitt ein velhalden mann etter å ha vore i Amerika og greve gull. Ein kan anta at det er nettopp Langlo og hans familie vi ser på terrassen på bilete då bilete truleg er frå tidleg på 1900-talet.

I dag er huset verna og eigd av ekteparet Turid og Hans Fevang. Dei har eigd huset i over 34 år og har lagt ned tallause timar i oppussing og vedlikehald, både inne og ute. Hagen rundt huset er også eit syn i seg sjølv og i 2019 fekk ekteparet Fevang Stranda sogelag sin vernepris.

Bakedag på Betel barnehage

SUNNMØRINGEN, 22. FEBRUAR 1992: Betel Barnehage hadde jobba med temaet Frå korn til brød, som enda opp med ein bakedag. Det står å lese at det var Liv Furset som var læremeister og at det meste av baksten gjekk vekk i prøvesmaking .

Geiranger fyrst ute med fotball på Sunnmøre

Geiranger var eit av dei fyrste laga på Sunnmøre som tok til med fotball allereie kring 1907. Den fyrste kampen utanbygds vart spela mot Synnylven fotballag på ein nyskåren "kønnjåker" i Hellesylt. Geiranger vant kampen.

KJELDE: STRANDA SOGELAG, BYGDEMINNE 2016


SYKKYLVSBLADET 30.4.1986: Sjølv ut på 1980-talet var det framleis ei glanstid for korpsrørsla i Sykkylven. Ikornnes Juniorkorps markerte 20 års jubileum med ein fullsett sal og eit veltrimma korps dirigert av Ingrid Andersen i Ikornnes kyrkje. Mellom aktørane som var med på festen var seniorane, Ikornnes Hornmusikk under leiing av dirigent Jostein Bonesmo og barytonsolisten Jan Eldar Lyngvær. Og sjølvsagt var det full middag i kyrkjekjellaren! På biletet ser vi korpsleiaren, Inge Langdal (t.v.) saman med medlem i styret for foreldreforeininga, Oddbjørg Gabrielsen, dirigent Ingrid Andersen og korpstillitsvalde Mette Langdal og Tor Kjetil Strand, som begge hadde åtte års teneste bak seg i korpset. Ikornnes Juniorkorps vart seinare slått saman med Aure Skulekorps, som fekk namnet Sykkylven Skulekorps.

SKODESPELARAR: Sykkylven frilynde ungdomslag som vart skipa i 1893 stod føre mange ulike aktivitetar i lagsarbeidet. Biletet viser skodespelarar som deltok i ei framsyning i 1938. Framme frå venstre: Karl Johan Eidem, Petra Brudevoll, Bodil Grebstad Aure og Jon Brudevoll. Bak frå venstre: Kåre Eidem, Kirsti Gjerde og Torleif Tynes.

KJELDE: FRÅ BOKA SYKKYLVEN KOMMUNE/SYKKYLVEN KYRKJE 1883-1983