Catherine Tynes Kjellbergh som eliteskikøyrar:

– Fekk leve som ein proff

I to dagar fekk Catherine Tynes Kjellbergh, opphaveleg frå Sykkylven, no busett i Sverige, høve til å leve som ein eliteskikøyrar.

Olympisk meister: Catherine Tynes Kjellbergh, her saman med olympisk meister i slalåm, André Myhrer.   Foto: Privat

Nyhende

– I desember i fjor kom det ein reklamekampanje på TV, der Audi Sverige, i samarbeid med alpinist Frida Hansdotter og det svenske alpine skiforbundet gav ti personar moglegheit til å leve som ein profesjonell alpinkøyrar i Åre. 3.000 søkte, og eg var så heldig å vere blant dei ti som vart trekt ut, fortel Catherine.