Family Sports Club Sykkylven har flytta treningane utandørs:

– Dette gir energi

Då Family Sports Club Sykkylven måtte stenge dørene grunna ny lokal koronaforskrift tidlegare denne veka, var ikkje senterleiinga sein med å kome med alternativ trening til medlemmane sine.

Utetrening: Family Sports Club Sykkylven sine treningar utandørs er svært populære.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Torsdag ettermiddag var det klart for utetrening på grusbana ved Ullavik skule, eit svært populært tilbod når koronapandemien gjer at det ikkje er mogleg å trene inne i Family Sports Club Sykkylven sine innandørslokale.