Fleire kom seg ut på påskefjellet

No som sola har titta litt fram, har òg folk fått på seg skia.

Utfart: Då sola viste seg fram blei det fleire besøkande på Strandafjellet onsdag 31. mars.  Foto: Jan Erik Westers

Nyhende

Det melder Møre og Romsdal Røde Kors i ei pressemelding. Stranda Røde Kors er til stades på Strandafjellet denne påska, og etter nokre dagar med dårleg vêr og lite besøkande, kan dei melde om at det var folk å sjå i bakkane siste dagen i mars.