Skal byggje bilanlegg på Digerneset

Det nye bilanlegget på Digerneset skal huse Bertel O. Steen, som skal samle dei tre forhandlarane sine i Ålesund under eitt tak.

Illustrasjon: Slyngstad Aamlid Arkitekter  

Nyhende

Strandafirmaet Peab K. Nordang har fått i oppdrag å byggje eit nytt bilanlegg på Digerneset i Ålesund kommune. Det er på oppdrag frå Waagan Eiendom og skal ha ein verdi på 113 millionar kroner, skriv Sunnmørsposten som refererer til ei pressemelding frå Peab.