Stipend til talent i Stranda og i Sykkylven:

Tre unge fekk 50.000,- kvar i TEFT-stipend

Ein sleggekastar, ein skiløpar og ein trompetist kan sjå seg nøgd etter Sparebanken Møre si tildeling.

Vinnarar: Herman Velle Aurdal frå Sykkylven, Mathea Strømmegjerde frå Sykkylven og Kristine Hjellbakk Hole frå Hellesylt er vinnarar av Sparebanken Møre sitt TEFT-stipend for 2021.  Foto: Privat / Svein Halvor Moe

Nyhende

Sparebanken Møre deler i år ut TEFT-stipend på til saman 800.000 kroner til unge talent innan kultur og idrett i Møre og Romsdal. Kvart stipend er på 50.000 kroner og går i år til 16 lokale talent på Nordvestlandet. Tre av desse kjem frå Nyss sitt distrikt.