No startar bandtvangen

Frå 1. april er det bandtvang over heile landet. I Stranda og Sykkylven er det i tillegg utvida bandtvangsreglar.

Band: Frå 1. april startar bandtvangen over heile Norge. Det betyr at alle hundar må vere i band når ein er ute på tur.  Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Det er nasjonal bandtvang i heile landet frå 1. april til og med 20. august. Dette tyder at med mindre du er i eit friområde for hundar, må du alltid ha hunden i band når du er ute og går tur, uansett rase, storleik og brukstype på hunden.