Vil opne for modulvogntog

Møre og Romsdal fylkeskommune oppmodar om at Vegdirektoratet skal opne for at fleire fylkesvegar skal kunne brukast av modulvogntog.

Prøvekøyring: No tilrår fylkeskommunen å opne enkelte strekningar for modulvogntog. Her frå prøvekøyringa i februar. Frå venstre ser ein Bjarne-Martin Valde, overingeniør i fylkesvegavdelinga, Christian Vartdal og Sindre Vartdal, høvesvis sjåfør og fabrikksjef i Vartdal Plastindustri - og Tormod Vestad i fylkesvegavdelinga.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / Vikebladet Vestposten

Nyhende

Blant vegane som fylkeskommunen no vil opne for modulvogntog, er fylkesveg 60 frå Blindheim til Straumgjerde i Sykkylven, Sykkylvsbrua mellom Sykkylven og Ikornnes. Dette vil kome bedriftene Ekornes og VD Transport til gode.