Emthe Kathrin Vollstad skal starte podcast:

– Når du står med eine foten i grava og den andre på eit bananskall er det ikkje overtidstimane du tenker på

I 2019 blei Emthe Kathrin Vollstad fri frå leukemi, for andre gong. Det har gitt ho eit nytt syn på livet, og i ein ny podcast ønsker ho og Kim Edwin Jektvik å møte andre som har gått gjennom store livsendringar.

Skal lage podkast: Kim Edwin Jektvik og Emthe Kathrin Vollstad skal lage podkasten «Med liv og lyst». Her vil dei prate med folk som har gått gjennom store hendingar i livet, og klart å snu det til noko positivt.  Foto: Privat

Nyhende

– Den kjem til å handle om alle slags livshistorier, ikkje berre sjukdom, der ein må lære seg å leve igjen. Sjølv om det kjem til å handle om ein del tunge tema, vil det ha ein lett og ledig tone. Eg håper vi vil kunne treffe ein streng hos folk og at ein skal kunne kjenne seg igjen. Eg gler meg veldig, seier Emthe Kathrin Vollstad til Nyss.