Set inn rasferje

Stenger vegen grunna rasfare

Rasferje: Det blir sett opp rasferje mellom Geiranger og Hellesylt.   Foto: Randi Ansok/arkiv

Nyhende

Vegtrafikksentralen Midt melder måndag kveld at fylkesveg 63 mellom Geiranger og Indreeide, på strekninga Geiranger – Eidsdal blir stengt frå klokka 22.00 måndag på grunn av fare for ras.

Det blir vidare meldt om at det blir sett opp rasferje mellom Geiranger og Hellesylt etter oppsett rute fram til vegen opnar igjen. Frå Hellesylt går ferja klokka 08.30, 12.30 og 16.30. Frå Geiranger klokka 09.30, 13.30 og 17.30.